06.03.09 - 08.03.09
Ånond Versto
KOSMOS WURLITZER
Ein heilt spesiell akustisk platespelar står midt I det største rommet. Rundt på veggane heng stjernekart og liknande runde astronomiske tolkningar av stjernehimmelen frå mange av verdens kulturar. Platespelaren kan spele av stjernekarta som musikk/støy/lyd. Folk kan sjølv ta ned platene frå veggen og bytte.
KOSMOS tyder velorganisert heilhet, orden. Ordet viser her til menneskets urgamle drivkraft i retning av å skrive verden inn i ideelle system.
WURLITZER Co. Var eit selskap i USA som utvikla og produserte mekaniske orgel og automatiske musikkmaskiner tidleg i forrige århundre. Tivoli og lignende brukte ofte Wurlitzerar til å bla. akkompagnere karusellar. Seinare vart enorme, manuelt opererte Wurlitzer-orgel nytta til lydeffektar og musikk til stumfilm i dei store kinoane. Til slutt utvikla selskapet den berømte Jukeboxen og navnet Wurlitzer vart synonymt med dette popkulturelle ikonet.
Eg lagar platespelaren frå scratch, delvis basert på dei tidlege tivoli-wurlitzarane.
Platene er førebels tenkt framstilt i cyanotypi-trykk på stiv kartong, platespelaren i tre, plast, gummi osv.