24.04.09 - 03.05.09
Gabriel Kvendsen
LIQUID GOLD
Slik lyder orda som møter oss i eit av bileta, i form nærmast av ei skisse eller eit prosjektutkast. Kunstneren låner alkymistens ham i eit forsøk på å skape verdi av det verdilause og dermed utforske skiljet mellom natur og kultur. Naturen er fysisk til stades i rommet, men har blitt kamuflert med gull og slik frårøva sin eigenverdi.
Tittelen "Liquid Gold" speglar konflikten mellom den ubearbeidde naturen og den endringa den tilsynelatande gjennomgår når den blir utsett for ei foredling, eller også ei forfalsking; ein konstruksjon av det dekonstruerte.
Religiøse assosiasjonar skaper eit skinn av kjøleg harmoni og på same tid forventinga om ei tilbakevending til den uforstyrra naturtilstanden. Men kva blir då syklusen si endelege fullbyrding, og finst det noko utgangspunkt å vende tilbake til?