24.10.08 - 02.11.08
Birger Åseson Storaas
FASTER, SISSY-BOY, KILL! KILL!
Birger Åseson Storaas syner utstillinga, "Faster Sissyboy, Kill! Kill!" , på Galleri Fisk frå 24. okt til 2. nov. Utstillinga viser eit utdrag frå masteroppgåva hans som er ferdig til våren. Oppgåva dreier seg hovedsaklig rundt eit motstykke til feminismen, ein kjønnsdefinert kunstform som tek utgangspunkt i eit mannleg perspektiv.
Tittelen på utstillinga reffererer til Russ Meyer sin voldsorgie fra 1965. Filmen med orginaltittelen "Faster, Pussycat, Kill!, Kill!", har mange ganger blitt nytta som refferanse i samenhenger som omtaler feminismen.
Det visuelle arbeidet har vorte bearbeida gjennom ein prosess som kan linkast til den leiken ein har som liten unge. Ein leik som på eit visst tidspunkt inneheld eit destruktivt element. Dette kjem ofte til syne gjennom behandlinga av til dømes leiketøy. Ved å øydelegge, eller "utforske" eit leiketøy, lærer eit barn kvar leiketøyets fysiske grensene går. Og på eit psykisk plan gjennom reaksjonar på desse handlingane. Denne lærdommen vert nytta for å sette seg sjølv og omgivelsane i system.