22.02.08 - 02.03.08
Cato Løland
FROM AN UNTITLED VOYAGE
LOST AND FOUND
LOST OR FOUND
NOW OR THEN
NOW AND THEN
Utstillinga på Galleri Fisk leikar rundt tema som fortid/framtid og realisme/fiksjon. Den tar utgangspunkt i betrakterens eigne referanser til tid og virklighetsoppfattelse, og dette blir utforska gjennom ein installasjon som kan minne om spor fra ein vitenskaplig undersøkelse.
Utstillinga innheld teikning, foto og objekt/skulptur.
Kva oppfattast som
fiktivt og kva
oppfattast realistisk?
Vert ein eksponert for
ei framstilling av
fortid eller framtid?
Sjølve arbeida er
konkrete og fysiske
gjenstandar, og dette
i seg sjølv gjer dei
automatisk
realistiske, men det
dei eventuellt
representerer/speglar
er opp til kvar enklet
å tolke. Gjennom
disse individuelle
tolkningane oppstår
det ulike
oppfatningar og
spørsmål kva som er
realisme eller fiksjon,
og om det speglar
fortid eller framtid.
Eit anna lag av representasjon av tid er også vesentlig, då i forhold til korleis teikningane i utstillinga har blitt laga. Der vert tida konkretisert og visuelt synlig gjennom måten eg har jobba med å bygge opp teikningane på. Dei består av små repetative strukturar som saman dannar den endelige teikninga. Ved å jobbe over lang tid med slike repetative bevegelsar oppstår det nærmast ei meditativ tilværelse, og tid og virklighetsoppfattelse vert igjen ganske relevant.