Øyunn Hustveit: DET SOM ER ATT
Vi har fastbrende skuggar av røyndom på netthinna kvar gong vi let att auga. Som flyktige
etterbilde i synsfeltet. Dei fylgjer oss inn i svevnen og formar draumane våre. Lagar fotspor i snøen
og arr på sjela. Når vi vaknar er dei borte, og vi er ikkje lenger der vi var. Det er restane vi ser der
sola glar bakom tankane. Det er det som er att.
Øyunn Hustveit er 1. års masterstudent ved Kunstakademiet i Trondheim og arbeider hovudsakleg
med maleri. Dette gjeld også for utstillinga på Galleri Fisk, der maleriet vil syne seg i svært
minimale former.
![68986_571479786219094_985956013_n.jpg 68986_571479786219094_985956013_n.jpg](/picture/68986_571479786219094_985956013_n.jpg?pictureId=17887488&asGalleryImage=true)